Du kan søkje om tilskot til tilrettelegging av bustaden din dersom nokon i husstanden har nedsett funksjonsevne.
Kor mykje kan du få?
Det er kommunen som vurderer kor mykje tilskot du kan få. Tilskotet er økonomisk behovsprøvd og det er opp til den enkelte kommune å vurdere tilskotsutmålinga
Tilpassing
Tilskotet kan nyttast til enkle tiltak som å fjerne tersklar for å betre tilkomsten til bustaden, men og til større ombyggingar for tilrettelegging av bustaden i forhold til søkjar sin funksjonsnedsetting. Familiar med funksjonshemma barn vert høgt prioriterte ved tildeling av tilskot.
Tilskot til utgreiing
Kan gjevast til enkle undersøkingar av eksisterande bustad og åtkomst til bustad, beskriving av teknisk tilstand på bustaden, arealbehov, moglegheiter og avgrensingar, samt økonomiske overslag.
Tilskot til prosjektering
Kan gjevast til dekning av kostnadar til faglig bistand til prosjektering av både nye og eksisterande bustader. Dvs. til arkitekthonorar eller liknande. Tilskot kan og gjevast til prosjektering av velferdsteknologi. Prosjektering og utgreiing skal utførast av fagkyndige.
Kven kan få tilskot?
Tilskotet vert gjeve til personar med nedsett funksjonsevne og andre som har behov for tilrettelegging av bustaden. Du vel sjølv fagkyndig, men prosjektering- og ev. utgreiing i forkant må skje i forståing med ergoterapeut/bustadkonsulent i kommunen du bur i.
Korleis søke?
Søknad skal sendes til kommunen. Kontakt gjerne kommunen i forkant for nærare rettleiing.
Eit godt råd før du engasjerer fagkyndig
Når du skal velje arkitekt eller fagperson som skal hjelpe deg med å planlegge tilpassing av bustaden din, er det greitt å avklare føljande, før ein inngår avtale, spesielt om arbeidet er omfattande:
- Om fagpersonen har erfaring med å planlegge tilpassing til spesielt behov
- Om fagpersonen har nokon referanseprosjekt å vise til
- Avklare omfanget av både utgreiing og prosjektering
- Avklare kostnad for både utgreiing og prosjektering
- Avklare ev. avgrensingar og varsel ved ev. avvik
- Avklare tidsbruk
Når du skal inngå avtale om prosjektering er det vanleg at arkitekten/fagpersonen lagar ei stadfesting på oppdraget. den skal vise kva som er avtala og bør omtale prosjektets art, storleik, mogleg omfang av oppdraget og skal gje dei førebelse vilkåra for å utføre oppdraget.