Ungdommen sitt kommunestyre i Luster (UK) har vedteke å satse vidare på kulturutveksling med
vennskapskommunen til Luster i USA som er Vernon Co., WI. og byen Viroqua som er senteret i denne
kommunen. Næraste større by er La Crosse som ligg ca 40 min. lenger vest ved elva Missisippi.
Utvekslinga føregår på den måten at ungdommar i aldersgruppa 14 – 17 år frå Luster søker om å få vera
med på denne utvekslinga, blir ”adobtert” inn i ein amerikansk familie med ungdom på same alder, og
gjennomfører eit prosjekt-arbeid der borte på den tida som vert valt – ca. 14. dg. Tema for dei einskilde
prosjekta er slik forma at dei skal kunna presenterast for ulike mål-gruppe her i Luster etterpå.
Tilsvarande for amerikanske ungdomar som kjem til Luster. Her er det naturleg at familien til den som
fekk delta i USA vert vertsfamilie, og at det nye familiemedlemet vert teken vare på som ein av ”alle” i
vedk. familie. Kostnadene med kulturutvekslinga (reise og lommepengar) vert delvis dekka gjennom eit
tilskot frå UK på ca kr 5.000. Reisekostnadene vil koma på ca. kr 12.000.
Sønadsfrist 15. mars