• {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
  • {{sprakVariabler[s.stegnavn]}}
{{sprakVariabler["AvbrytSkjemaUtfylling"]}}
{{sprakVariabler["InnloggingWizardKreverInnlogging"]}}: {{sprakVariabler["InnloggingWizardValgfriInnlogging"]}}: {{sprakVariabler["SkjemaNavn"]}}
  • {{sprakVariabler['InnloggingWizardTooltip' + innlogging.InnloggingsTooltip]}}

{{sprakVariabler['LoggInnEpost']}}

{{sprakVariabler['InnloggingWizardTooltipEpost']}}

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*{{sprakVariabler["EpostIkkeRegistrert"]}}

{{sprakVariabler["InnloggingWizardKodeIEpost"]}}

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

{{sprakVariabler["AktiveringEpost"]}}

{{sprakVariabler["KontoAktivert"]}}

{{sprakVariabler["AktiveringsLenkeUgyldig"]}}

Nettlesersesjonen er utløpt, og utfylling som ikke er lagret kan være tapt. Vennligst last siden på nytt for å fortsette på skjemaet.

Informasjon

Skjemautfylling

Dispensasjon etter plan- og bygningslova §19-1

Informasjon

Rettleiing for søknad om dispensasjon:

Søknad om dispensasjon blir handsama etter reglane i plan- og bygningslova kap. 19.

§ 19-1. Søknad om dispensasjon

Dispensasjon krev grunngjeven søknad. Før vedtak blir fatta, skal naboar varslast som er nemnt i § 21-3. Særskilt varsel er likevel ikkje nødvendig når dispensasjonssøknad blir fremja samtidig med søknad om løyve etter kapittel 20, eller når søknaden openbert ikkje berører naboen sine interesser. Regionale og statlege myndigheiter skal få høve til å uttale seg dersom deira saksområde blir direkte berørt, før det blir gjeve dispensasjon fra planar, plankrav og forbodet i § 1-8.

§ 19-2. Dispensasjonsvedtaket

Kommunen kan gje varig eller midlertidig dispensasjon frå bestemmelsar fastsett i eller i medhald av denne lov. Det kan setjast vilkår for dispensasjonen.

Dispensasjon kan ikkje gjevast dersom omsyna bak bestemmelsen det blir dispensert frå, eller omsyna i lova sine føremål, blir vesentleg tilsidesett. I tillegg må fordelane ved å gje dispensasjon vere klart større enn ulempene etter ei samla vurdering. Det kan ikkje dispenserast frå saksbehandlingsreglar.

Ved dispensasjon frå lova og forskrifta til lova skal det leggjast særleg vekt på dispensasjonen sine konsekvensar for helse, miljø, jordvern, tryggleik og tilgjenge.

Ved vurderinga av om det skal gjevast dispensasjon frå planar skal statlege og regionale rammer og mål tilleggjast særleg vekt. Kommunen bør heller ikkje dispensere frå planer, lova sine bestemmelsar om planar og forbodet i § 1-8 når ein direkte berørt statleg eller regional myndighet har uttalt seg negativt om dispensasjonssøknaden.

Departementet kan i forskrift gi reglar for omfanget av dispensasjonar og fastsetje tidsfrist for behandling av dispensasjonssaker, herunder fastsetje tidsfrist for andre myndigheiters sin uttale i dispensasjonssaker og gi reglar om berekning av fristar, høve til forlenging av frist og konsekvensar av overskriding av frist.

§ 19-3. Midlertidig dispensasjon

Midlertidig dispensasjon kan gjevast tidsbestemt, eller for ubestemt tid. Ved dispensasjonstida sitt utløp eller ved pålegg må søkaren utan utgift for kommunen fjerne eller endre det utførte, eller opphøyre med midlertidig tilleten bruk, eller oppfylle det kravet det er gitt utsetting med, og om det blir kravd, gjenopprette tidlegare tilstand.

Dispensasjon kan gjerast betinga av erklæring der også eigar eller festar for sin del aksepterer desse forpliktelsane. Erklæringa kan krevjast tinglyst. Den er bindande for panthavarar og andre rettshavarar i eiendommen utan omsyn til når retten er stifta og uten omsyn til om erklæringa er tinglyst.

Grunngjeving for søknaden:

Grunngjevinga skal vere knytt til relevante moment i høve til kva paragraf det blir søkt om dispensasjon frå.

For eksempel vil relevante moment ved dispensasjon fra byggje- og deleforbodet i standsona og LNF-område i plan, vere kjend kulturminne, naturforhold, ålmenta sin bruk av området, privatisering, storleiken på inngrepet, tilpassing til eksisterende bygg oa. Desse momenta bør difor vere ein del av grunngjevinga.

Ved søknad om dispensasjon frå reglar i reguleringsplan er t.d. tilpassing til eksisterande utbyggingsmønster, arkitektonisk utforming, ulempe med reduserte solforhold for nabo, rom og utsikt relevante moment. Desse bør difor vere ein del av grunngjevinga.  Dokumentasjon på desse forholda kan leggjast ved søknaden ved behov.

Grunngjeving i personlege, familiære og økonomiske forhold kan ikkje vektleggast ved vurdering av ein dispensasjonssøknad.

Saksbehandling av søknaden:

Når søknaden er fullstendig vil kommunen sende den til uttale hjå andre offentlege etatar, dersom det er nødvendig. Dette tek minimum 4 veker.

Kommunen tek deretter saka til behandling.

Handsamingsgebyret gjeld uavhengig av om det blir gitt dispensasjon.

På statsforvaltaren sine sider kan ein lese meir om statsforvaltaren si haldning og instruks til kommunen ved behandling og bruk av dispensasjonar.


Hjelp
Lukk
  1. Klikk på Hjelpesymbol om du treng hjelp til utfyllinga.
  2. Skjemaet lagrar svara undervegs i utfyllinga. Om du vel å avbryte ved f.eks. å lukke nettlesarvinduet eller trykke på Avbryt-knappen og deretter bekreftar at du vil avbryte utfyllinga, vil all informasjon forsvinne.
  3. Ikkje noko vert sendt inn før du sjølv ber om det, ved å velje Send inn-knappen. Den kjem fram etter at opplysningane er kontrollert og godkjent på oppsummeringssida.

Utfylling og bruk

Klikk på hjelpesymbola for informasjon om utfylling.

* Betyr obligatorisk for utfylling

Etter 20 minutt utan aktivitet kan utfylling av skjema gå tapt.

Vent...

Loader