Føremål og føresetnader for å få stipend:
Ungdommen sitt kommunestyre (UK) si stipendordning har som føremål å støtta
yrkesretta kompetanseutvikling eller anna utvekslings- / læringstiltak for
ungdom frå Luster kommune i alderen 16 - 19 år.
Det vert ikkje gitt stønad til utgifter som vert dekka av skule eller
andre stipendordningar.
For at søknaden skal bli vurdert, føreset det at søkaren oppfyller alle
kriteria og brukar søknadsskjema som må vera riktig utfylt og med alle
nødvendige dokumenatsjonar som vedlegg.
NB! Attesterte kopiar av orginalkvitteringar (kvittering frå nettbank o.a.) må
ligge ved søknaden.
Det kan søkast støtte til:
Det kan gjevast støtte til:
Stipendbeløpa:
Opplæringsstipend blir delt inn i to
grupper;
maksimalt beløp for dei to gruppene er
Gruppe 1 - Tilsegn om max kr.
2.000,-
Gruppe 2 - Tilsegn om max kr. 5.000,-
Stipendet blir først
utbetalt når du har gjennomført opplegget og lagt fram kvitteringar for
utgifter.
Krav til søknaden:
Stadfesting frå skule/opplæringsinstitusjon. Faktiske utgifter må dokumenterast med attesterte kopiar og orginalkvitteringar
(kvittering frå nettbank o.a.) Forventa utgifter kan dokumenterast med
stadfesting frå utdanningsstad der det kjem fram kva for utgifter søkar har
forplikta seg til.
Dokumentasjon av alle utgifter i tillegg til dokumentasjon på kva
utdanningsstaden eller andre dekker.
Dersom utdanningsstaden ikkje dekker noko, skal også dette dokumenterast.
Søknadsfrist:
Det er to søknadsfristar pr. år:
Send gjerne inn søknaden i god tid før fristen