Retningslinjer for Ungdommen sitt kommunestyre si
stipendordning
Føremål og kriterium for å få stipend:
• Ungdommen sitt kommunestyre si stipendordning ynskjer å
oppmode ungdom i alderen 13-19 år til yrkesretta kompetanseutvikling.
• Søknadsfrist: 1. mars kvart år (du må vere i alderen 13-19
år når kurset blir gjennomført)
• Du kan søke støtte til yrkesfaglege kurs, døme:
motorsagkurs, avløysarkurs, saueklippingskurs, maskinførarkurs, matkurs,
førstehjelpskurs...
• Uk har mynde til å vurdere om kurs som ikkje har vore søkt
om før skal få stipend.
• Du kan få støtte til kursavgift
• Stipendbeløp er inntil 1/3 av dokumenterte kursavgift,
maks. kr. 2500 avhengig av total budsjettsum aktuelt år.
Det vert ikkje gjeve støtte til utgifter som vert dekka av
skule eller andre stipendordningar. Du må dokumentere utgifter med
kvitteringar.