Rettleiing til felt 2.b og 2.c:
Det skal kryssast av for heimel for rekvisisjon anten i felt
2.a, felt 2.b eller felt 2.c. Det skal kryssast av i felt 2.b eller 2.c dersom
det vert rekvirert oppmålingsforretning og matrikkelføring for anten
matrikulering av umatrikulert grunneigedom eller festegrunn, eller for
klarlegging av eksisterande grense. Desse to sakstypane har eigne føresegner i
matrikkellova om kven som kan rekvirere og krevje matrikkelføring. Dersom det
vert rekvirert oppmålingsforretning og matrikkelføring for desse sakstypane
skal det ikkje kryssast av for heimel for rekvisisjon i felt 2.a.
Rettleiing til felt 3.7:
Dette rekvisisjonsskjemaet skal nyttast ved endring eller
konstatering av eksisterande matrikkeleining. Slik endring eller konstatering
krev ikkje løyve etter plan- og bygningslova, og denne rekvisisjonen er difor
ikkje vedlegg til ein søknad om tiltak. Unntaket er uteareal til eigarseksjon, som
likevel krev søknad om seksjonering eller reseksjonering etter eigarseksjonslova
§ 11 seinast samtidig med at det vert rekvirert oppmålingsforretning og
matrikkelføring. At det krevst oppmålingsforretning for sakstypane i dette
skjemaet følgjer elles av matrikkellova § 6 første ledd bokstav b-e.
Veiledning til felt 4:
For dei ulike sakstypane vil det vere ulike krav til kva for
vedlegg som skal følgje med rekvisisjonen. Det skal kryssast av for kva for
vedlegg som følgjer rekvisisjonen, ut i frå kva sakstype det vert rekvirert
oppmålingsforretning for. Denne lista er ikkje uttømande, og dersom det vert
lagt ved andre typar vedlegg enn dei som er nemnt her skal det kryssast av for
"annan aktuell dokumentasjon".