Kommunen kan etter opplæringslova § 2-11 gje elevane permisjon frå skulen i maksimalt 10 skuledagar. Dersom føresette ønskjer å ta eleven ut av skulen for ein lengre samanhengande periode enn to veker, vert dette å sjå på som privat heimeundervisning, sjå opplæringslova § 2-13.
Elevar som oppheld seg i utlandet vert skrivne ut av skulen og inn att når dei kjem tilbake. Årsaka til dette er at skulen ikkje har ansvar for elevar som oppheld seg i utlandet meir enn to veker.
Føresette har i perioden eleven er borte det fulle ansvaret for opplæringa.
Føresette kan velja å gje barna sine undervisning heime medan dei oppheld seg i utlandet, men ei slik heimeundervisning vil ikkje vera omfatta av opplæringslova.
Skulen/kommunen har inga plikt eller ansvar for å laga undervisningsopplegg i den tida eleven er borte frå skulen. Det kan ikkje påreknast at skulen vil gje eleven ekstra undervisning for å ta att opplæring i fråværsperioden.
Dersom føresette har delt foreldreansvar, må begge foreldra underskrive den mellombelse utmeldinga.
Du må senda inn eitt skjema per barn sidan skjemaet vert lagt i eleven si mappe.